Reisedagbok

BEQUIA - MARTINIQUE

No ha vi vøre i Bequia i lang tid. Det begynn no å bi sånn passe kjedelig, så no håp eg atter ein gang på at værmeldinga ska slå tel og bi sånn som den ha vist på internett. Det vil sei, at det e meldt at vindn ska drei litt, sånn at vi ikkje får den rett imot på nordovertur.
Vi hadd tenkt å start på søndag, men så kom ho Angie (som vi ha vørte kjent med her nede) innom på lørdag. Ho sa at det sku vær opptredn med lokal musikk på "Sailors bar", og at vi mått vær med dit. Det vart no tel at vi slo tel på det, og det heile utarta seg tel en helaftn, med besøk på fleire pubba, før det heile vart avslutta på ein karaokebar! Vi e ikkje akkurat tungbedt, når det kjæm tel å vær sosial. Men, det vart ein arti kveld med mange trivelige folk.
Ætterkvært sku vi no ta jolla telbake tel båtn. Eg hadd no klatra ombord, og sætt meg på kantn på den eine sia i jolla. Da skippertn sku ombord, feilberegna han og utfallet vart at før vi vissta ordet av det, så fikk vi oss et ufrivillig bad, - begge to! Du sku ha sett ansektsuttrøkke tel skippertn da han kom opp fra sin undervanns-ekspedisjon! Eg trur no vi va like førfjamsa begge to, førrestn. Vel, det va no berre å kom seg ombord i jolla på nytt, sånn at vi fikk kommen oss telbake tel Paquita, og fikk på oss tørre klea. Løkka e jo at det e så fin temperatur i vannet, det e ikkje jusså heime ska du tru!
I Bequia traff vi to par fra Steinkjer, ho eine dama kjent førrestn tanta mi som og bor der. Dem hadd leid seg ein båt som heita "Pola- Pola". Vi vart invitert ombord tel dem på rom - punch, kaffe og bananbrød. Det vart ei koselig stund, med mykje båtprat!
Om dagan e det jo varmt og godt, men når sola e gådd ned om kveldan bi man ofte litt "kjørsn". Da e det utrulig godt å kle på seg ulltøfflan, som ho Berith (svigerinna mi) har strekka. Ellers må vi berre innrømm at vi e utrulig kveldstrøtt. Vi e jo oppe tidlig om morran, men syns jo allikevel at det e pussig at vi berre sett å hangel i 8 - 9 tia om kveldan. Eg trur vi tar kveld samtidig som ho Julie, Skippertn sitt barnebarn, som ikkje e et år enda! Haha.
No må det seiest at nån her ombord e meir "aktiv" enn ainner, om natta. Her ein morra våkna eg av at skippertn sukka så tungt. Eg mått no spør om det va nåkka gæle, eg tenkt jo på de der hjerteprobleman med ein gang. Neida, han va berre heilt utpeisa. Han ha holdt snekring på Stigen heile natta, og vart endelig ferdig! Seilerkroa va oppgradert, og klar tel innvielse! Snakk om at han længt ætter å arbeid med nævan. Det ligg nok der i underbevisstheita, at det ska bi ok å kom heim tel "snekkerbodn" igjæn.
Vi ha fådd nå kakkerlakka ombord, og har felle ståanes i håp om å få fanga de der hærslige skapningan. Vi hadd vøre på land å kjøpt biff her ein dag, og sku ha oss et bedre måltid ombord. Eg sto neri byssa og steika og brasa, da eg vart oppmerksom på ein sånn der kakkerlakk som strena bortover kjøkkenbenken. Den der frække jæ..........! Eg fekk klæppa tak i et glass som låg i oppvaskkummen, og klaska det over den der frækkingen. Han vart nok frista utta den der goe matlukta, og trudd han sku få seg ein "heilaftn", men der tok han styggelig feil. Svineriet va fanga, og havna over bord. Det såg ut som at han hadd tatt svømmeknappen, han svømt førr livet! Eg va redd han sku klatter ombord i jolla og balanser på tauet ombord igjæn! Fræm med sprayflaska, og tauan vart "impregnert" med kakkerlakkgift! Ætter ein grundig håndvask med desinfeksjon, va det telbake tel matlaginga. Fann no ut at eg mått desinfiser benken og, før eg kuinn fortsett. Og trur du farsken ikkje at den der frække kakkerlakk - frua hadd lagt ifra seg ei klysa med egg, som et "visittkort". Tykje ta, det der e nå svineri. No må det seiest at vi ikkje heilt e kvitt de der ufyselige væsnan, ætter ei tid med felle i skapan og på kjækkenbenken. Men, dem e lur de der karan, gjøm seg om dagan og kjæm fræm om natta når det e stillt i båtn. Hvis dem trur at eg ha gjedd dem opp, så tar dem grundig feil. Eg ska no lægg fram gosaker tel dem i fellen, sånn at antallet blindpassasjera bi utrydda, vær du sekker!

Tidlig på mandagsmorran for vi på land førr å sjækk ut, no sku vi endelig ta opp ankeret og kom oss videre. Vi strena rett på kontoret førr utsjekking. Herremin, det va vesst mange som hadd venta på rætte vindn, det va laaaang kø med seilera som va der i samme ærende som oss. Det vart mykje venting, men tel slutt vart det vårres tur, og papiran vart i ordn. Klokka va 11.30, da vi seila ut fra Port Elisabeth. No va det ca et døgn i sjøen, og vi villa seil inn tel Martinique neste dag. Dela av seilasn va heilt fin, men utover kveldn og natta vart det nåkka vind og bølga rætt imot, og vi va nede i 2 knop, enno vi motorseila. Bølgan slo over dekk, og det va berre rett som det va at vi fekk oss ein dusj.
Klokka 12 næste dag slapp vi anker i Fort de France på Martinique. Ny runde med innsjekking, men det gikk som ein lek. Her sjekka du inn sjøl på ein Pc på båtutstyrsbutikken. Vi berre fyllt ut et skjema, printa det ut og fikk det underskreven og stempla av betjeninga på butikken. That's it! Ingen kø hos "immigration/custom". Næstn førr godt tel å vær sant. Vi syns det va lite båta førr anker her, men regn med at dem e rundt omkreng på ein av mange ainner fine plassa her på øya. Her e heller ingen "waterboys". På Bequia va det mange som for imellom båtan og sælgt alt mulig, fra brød og sprit, tel diesel og vann. Ikkje ein sælger å sjå her.
Han skippertn har krona på ei tann. Den her krona har løsna tidligar på turn, men da lima han den på igjæn med lynlim. Det e det eg ha sagt mange gang, han e ein skikkelig "handy-man". No e det sånn at den her krona har løsna igjæn, og vi fainn ut at det va bæst å finn ein tannlæge og få det her fiksa. Vi fainn et tannlægekontor, og møtt opp der i går. Fikk snakka med tannlægen, og han sa at vi mått kom telbake i morra, så kanskje det kuinn bi ordna. Men da mått vi vær det klokka kvart på sju om morran! Det va ei ukristelig tid, men vi va ikkje akkurat i nå førhandlings-posisjon, så vi slo tel. Trøtt i auan møtt vi opp der, snuppertn med krona tel tanna i lomma. Nei, dessverre, dem hadd ikkje mulighet tel å hjøpl oss. Vi spurt ætter ein ainna tannlege, og fekk navn adresse og telefonnummer tel den der karn. Så va det ut på leit igjæn, og ætter litt fræm og telbake fant vi fram. Men der va døren låst, og ingen va tel stede. Vi vart enig om at vi sku finn oss ein plass med WiFi, der vi kuinn ta oss ein kaffekopp og lægg ny strategi. Eg ska sei deg at det der "google earth", på nætt e ein fin sak. Skippertn fainn fleire tannlæga i området, så no såg vi likar på saken.
Vi for telbake tel Paquita, og tok en telefonrunde derfra. Det vart napp, og avtale om å møt opp hos ny tannlæge i morra tidlig, ætter klokka 7. No e vi spent på kor mange ainner som har fått den samme beskjedn, og som står i kø uttaførr døra tel tannlægekontoret i morratidlig!
Skippertn ha slådd tel, og kjøpt nytt dekslys. Så no hold han på å monter det der lyset oppi masta. Regn med at det bi ein tur på land ætter lunch. Han snuppertn ønska seg ein tur på den der båtutstyrs-butikken der vi sjækka inn i går. Det såg ut som at det va reine "godtebutikken" førr hans del.
Ha det fint så længe Tel dokker der heime: tenn i ovm, fyr på et starinlys eller to og kos dokker innomhus i snøføyka!