Reisedagbok

VIDERE SØROVER

Neste dag tok vi oss ein spasertur oppi gatn oppom havna. Det va tett mellom husan, trange, smale gate og resturanga og puba i ainnakvær inngang. Utruli at det kan "bær seg" før aille de der. Det va ikkje nå mye folk å sjå på de resturangan, og helle ikkje i gatn. Dem hadd seg kanskje ein "siesta"?

Vi fant oss ein lokal supermarkado. Eg sku blandt ainna ha meir mel tel brødbaking. Eg kuinn ikkje finn det der melet,men farin hadd dem i aille varianta! Fikk tak i ei som arbeide der, og spurt om ho kuinn Engelsk? Momento, sa ho berre, og førsvann ut på bakrommet. Da ho kom telbake, hadd ho med seg ei kjæmpehyggelig dama, som prata flytande Engelsk! Dem e det ikkje mange av i de her traktan. Eg førklara ka eg va ute etter, og det vist seg at "farin blanco" va hvetemel på Portugigisk, så no veit vi det! Ikkje så rart da at dem hadd så mange sorta farin i den der butikken! Haha.

Vi hadd fått lovnad på at de der bladan tel vindgeneratorn sku bi levert etter klokka 3, så vi russla no telbake tel båtn igjen, før å vær"heime" tel den tia. Lange fine sandstrender på begge sien av havna, og ideelle førhold førr brettsurfing og kaiting, ser det ut som. Leverandørn i Portugal har utmerka seg på servicesia. Han har holdt oss informert heile tia, og lova at bladan sku leveres personlig den her dagen. Vi va no spent, før her e det utn tvil, ei sånn der "manjana" holdning. Men, leverandøren holdt ord, og bladan vart levert i halv 4 tia. Super service!Han Stein heiv seg rundt med ein gang, og fikk montert og prøvekjørt. Alt såg ut tel å vær i skjønneste ordn. I mens sætt eg ein brøddeig. Vi hadd bidd kjent med ein kar i fra Danmark, som heita Anders, det va eit enkelt navn å husk (det bi jo mange navn etterkvært), ættersom han bæstefar hadd samme navnet. Han seila aleina, og vi tenkt at han kanskje villa sett pris på heimbakabrød. Vi gikk over til han utpå ettermiddagen, og brødet vart mottatt med begeistring. Han Anders va skilt, og hadd kjøpt båtn, HR 39 fot, ætter skilsmissen. Han hadde langt grått hår, som nådd langt ned på ryggen og såg ut som at han kuinn få jobb som skuespæller i "pirates of the Carabbean"! Han hadd bodd i båtn i 8 år,  og hadd rækt mykje omkreng. Sist hadd han vært i Bublin nån måna, og no sku han vær i Leixios i vinter. Det her va ein mann med mykje kunnskapa om teng og tang, og vi fikk ei lengre "omvisning" i førrhold tel hjælpemidla og dubbeditta, som han hadd installert ombord.Ætterpå gikk vi ut førr å få oss middag. Han snuppertn bestilt lettsalta torsk, og eg grilla kyllingfilet. Eg angra litt på at ikkje eg og bestilt fesk, men han snuppertn førbarma seg over meg, og lot meg få smak. Haha.Vi trudd vi sku få oss ein Irish coffee tel dessert, men det verka næstn som at det vissta dem ikkje ka det va førrnåkka, så den vart vi snytt førr!Vi gikk telbake i båtn, og han "dottcom" (skippern, kjært barn har mange navn) va utn nætt. Han ha irritert seg nåkka over akkurat de der dårlige signalan, så no starta ein længer prosess, førr å få ei beiring på det. Det vist seg at han bruka heile næste dag også, førr å få ei beiring på det her. Smått va det jubel, førr å ha fått det tel, og smått hørt eg berre eder og førbainnels over den her mainnskjitn.Utpå kveldinga snakka vi med han Frank og han Teje på telefon. Dem va på Stigen, hadd fått i seg nån ankersa, og holdt på å lag seg middag. Det hørtes ut som at dem kosa seg!
Set e mykje fukt i putn i forpiggen, så vi bi å søv i salongen i natt og. Vi vart enig om at neste dag sku vi fær sporenstreks tel IKEA, førr å kjøp oss nye madrassa. Det gjord vi, men det vart jo litt arbeid med det også, i og med at dem mått skjæres tel. Vi tok med oss gammelmadrassan på kaia, bruka dem som mal og skar dem tel på den måtn. Det va steike varmt, og svetten rann, mens vi holdt på. Men, det vart lønn førr strevet. Det ser no heilt supert ut, og vart kjæmpegodt å ligg på. Så no e det berre å følg med på at ikkje de der madrassan og sug tel seg masse fuktigheit. 
Eg sa tel snuppertn, at eg sku gå meg ein tur på butikken. Han lura på ka i aill verdn eg no sku handel? Vi va jo å handla i går. Eg satt no der å gnudd ei stund, eg hadd jo egentlig ikkje løst å sei at eg sku gjør innkjøp tel ein bedre middag på søndag ( i tilfelle uthavn). Den dagen e jo vårres 1. bryllupsdag, og eg hadd tenkt at det her sku vær ein overraskels. Men, eg mått jo berre sei det som det va tel. Snuppertn såg ut som et stort spørsmålstegn, og vist tegn tel at han vart nåkka brydd. Det her hadd tydeligvis ikkje han notert på sin kalender. Han lura på om han kuinn få lov å bidra med ei flaske vin, som eit slags plaster på såret, førr førglømmelsen! Haha. Innkjøp av biff med telbehør, god vin og øl vart i ordn, og ligg no "på vent" i kjøleskapet. Det gjør også ei flaska Champagne, som eg har hatt med heimanifra. Men det veit han i alle fall ikkje nåkka om. Den ska sprettes når vi kjæm tel Aveiro i ættermiddag.
Vi har no sløppe tampan i Leixios, og satt kursen mot Aveiro. Det va tjukk skodda, da vi starta. Det va sånn at eg faktisk mått ta på meg regnjakken når det va på det tjukkeste, førr at det va så fuktig i lufta at eg vart blaut på klean. Ætter kvært lyst det opp, og innimellom e det sol og varmt. Men skodda ligg enno delvis omkreng, og det e så vidt vi skimta land i støytan. Det va litt vind, mens selvfølgelig rett imot da vi starta. No har den dreia pitte litte grainn, så no e seilan kommen opp. Regn med at vi har ca 5 tima seiling fræmførr oss, før vi e i Aveiro. Førr øyeblekke har vi 4,6 knop. Skarp utkikk etter feskeredskapa, men hittil i dag har vi ikkje sett et einaste et! Utrulig, da vi kom inn tel Leixios, va dem overalt. Det va næstn som å fær igjønna ei hinderløypa.Kvær gang vi ser mot land, så ser vi laaaange sandstrender. Der ser ut som at det e det langs heile kysten sørigjønna. Vi regn med at det bi ein stopp, eller to, tel langs kysten her, før vi lægg kursen utover mot Madeira.Nasare ser ut tel å vær ein koselig plass, med fløybane opp i fjellet og greier. Bi nok en tur dit, reng eg med. Da e vi kommen ganske mykje lenger sør, og veien over tel Madeira bi jo da også kortere.Ship Ohio, alle dokker!