Reisedagbok

NYE VAIERA I RIGGEN

Vi kom oss nedover tel Road town, førr å få skaffa nye vaiera, på torsdags ættermiddag. Som nævnt, så va han skippert oppi riggen førr å sjækk forholdan, da han fann ut at tre av vaieran, som hold masta på plass, va både rusta og oppflisa. Fleire kordella va av, så det her mått vi få i ordn før vi sku over "storhavet" igjæn. Åsså vi som trudd at vi va klar førr overfartn! Men, det va bra at det her vart oppdaga, så no må vi berre få det i ordn. I havna i Road Town traff vi Kristin og Jan i "Quiet Place". Vi såg et der låg ein norsk båt, og svenga bortom førr å hæls på. Det vist seg at det va nordlæninga(fra Harstad), men bosatt i Sandefjord. Skippertn vart heilt styrlaus over å træff koselige nordlæninga, så han hadd næstn ikkje tid tel å finn ein ankerplass, han villa berre prat! Det vart ei trivelig stund på land i lag med dem utpå kveldinga, førr ein sundowner på resturangen og avslutning på kveldn ombord i Paquita.
Neste morra starta han Stein opp med å demonter stagan/vaieran, førr å ta dem med tel det verkstedet som sku lag nye. Utpå ættermiddagen gikk han å henta vaieran, og fikk dem jaggu montert samme dag. Det va effektivt jobba!
Næste dag vart det nåkka dramatikk i havna. Det kom nåkka kraftig regn med sterke vindrosse innimellom. Skippertn og eg satt oppi cock-pitn, da vi vart oppmerksom på ein båt som drægga. Den kom i bra fart innover, og klaska seg inntel ein ainna båt som låg der. Plutselig merka vi at vi og drægga, og fikk start på motorn førr å anker på nytt. Han som hadd den båtn som den der "dræggerbåtn" stoppa imot, ønska hjølp, men vi mått først få ankra på nytt, før skippertn heiv seg i joilla førr å hjølp tel. Det va 3-4 båta som va i aksjon, førr å få ordn på sakern. I den båtn som drægga, va det ikkje et menneske. Dem va førn på land. Han Stein og ein kar tel mått ta seg ombord i den båtn, få start på motorn og få fløtta den og ankra den på nytt. No vist det seg at ankeret tel "dræggebåtn" hadd huka seg fast i førtøyningstauet tel den ainner. Så når dem fløtta den båtn som drægga, så sleites plutselig tauet, og båtn rækt innigjønna havna. Heldigvis va det der ein litn båt, så ein kar klara å få betta et tau i den, og "holdt" den ved hjølp av motorn på joilla. No såg det ut førr at "dræggebåtn" satt fast, så da va det berre førr mainnfolkan å hiv seg på næste oppgave, å redd den ainner båtn. Den her lille seilbåtn vist det seg at det va ein ungdom som bodd i, der i havna. Motorn va tel reperasjon, så no mått den taues og bukseres på plass atme ei lita flytebrygga. Heldigvis gikk heile redningsaksjon berre godt. Ingen skada på folk eller båta, og kun førtøyninga tel den lille seibåtn mått repareres.
På lørdagen seila vi opp tel Saba Rock igjæn. Fin kryssing oppover. Sjøl om det vart nåkka sjøskvætt, og to klesskift på turn, så vart det nok ein fin dag.
På søndagen vart det jobba med diverse oppgava ombord. "Handy-man" min skifta impeller på sjøvannspumpa, skifta dynamoreim, ordna ny pakning på dasspumpa og arbeidd med autopilot. Førr min del va det rydding og baking av meir vainnkrengle og gjestrekaker som sto på programmet. Utpå dagen kom også Kristin og Jan, så da va vi fire norske båta her. Ikkje nok med det, aille va fra nordnorge! Slå den!
Quiet Place med Kristin og Jan, utfløtta Harstadværinga, Hakuna Matata med Bjørn Arne, Siv og Jonas, Ranværinga, Verbena med Merethe og Raymond fra Harstad, og så vi da. Raymond og Merethe arbeid på hurtigruta, og kjenn godt han Finn Norum, som e i fra Lurøysundet, så dem hadd hørt om at vi va på langtur førr længe sian. Søndag ættermiddag vart telbrenga med "happy hour" på Saba Rock i lag med aille de her folkan.
På mandag va det enno meir forberedelsa tel startn. Meir rydding og stuving, før båtn vart vaska innvendig. Vi begynn no å an at det kan ta tid før vi kjæm oss herfra. Værbildet ser ikkje gunstig ut førr den retninga vi ska. Vi ser at vi kan seil opp tel Bermuda, men når kjæm vi oss derfra da? Hvis vi ska få vind førr å seil mot Azorene, så må vi pinadø nestn opp tel isn først! Det her ser ut tel å vara i alle faill ei uka tel. Det vart et stort strek i regninga. Det e rart med det. Når men e mentalt forberedt på at no e startn like rundt hjørnet, så bi det ein aldri så litn (?) nedtur når det bi utsættels! Men, det e ikkje så mykje å gjør med været. Det bi som det bi, og så får vi berre prøv å kos oss nån daga tel, med førrbud mot å rot og skjettn ut så ailt førr mykje igjæn. Haha.
Om kveldan e det ikkje berre å lægg seg å søv, utnom at de "ekteskapelige pliktan" e oppfyllt, sei skippertn. Eg gledd meg tel det derre, men så vist det seg at han tenkt på kortspæll og yatzy, som vi har et par runda med om kveldan. Jaja, sånn e det jo bærre.
I ættermiddag bi det grilling på stranda i lag med Kristin og Jan, så no e potetsalatn laga og kyllingfilean ligg i marinade. Jauda, vi har det slættest ikkje så værst!

Så, familie og vænna, dokk skjønn at vi ligg i startgropa. Og hvis dokk ikkje hør nåkka ifra oss på 3-4 uke, så e vi altså på vei over Atlantern. Rapport fra overfartn bi da næste innlægg. Ship o'hoy!

Ps. I dag vart Micunien (varmeapparatet) prøvestarta, sånn at vi e forberedt med den bitn også!